Ina Coolbrith

Ina Coolbrith

Statsborgarskap USA
Fødd 10. mars 1841
Nauvoo i Illinois
Død

29. februar 1928 (86 år)
Oakland i California

Yrke bibliotekar, lyrikar, journalist, skribent
Far Don Carlos Smith
Ina Coolbrith på Commons

Ina Donna Coolbrith (10. mars 184129. februar 1928), fødd Josephine Donna Smith, var ein amerikansk diktar, skribent, bibliotekar og ein framståande figur i det litterære miljøet i San Francisco Bay Area. Ho blei kalla «Sweet Singer of California».[1] Coolbrith var den fyrste som blei utnemnd til California Poet Laureate og den fyrste til å bli poet laureate i nokon amerikansk delstat.[2]

Coolbrith var niese av Joseph Smith, grunnleggjaren av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints. Ho forlet mormonarsamfunnet som barn og byrja tenåra i Los Angeles i California, der ho byrja å gje ut lyrikk. Etter eit mislukka ungdomsekteskap slo ho seg ned i San Francisco. Der møtte ho forfattarane Bret Harte og Charles Warren Stoddard som ho grunnla «Golden Gate Trinity» med, ei gruppe som var tett knytt til litteraturtidsskriftet Overland Monthly. Dikta hennar fekk positiv merksemd frå kritikarar og etablerte diktarar som Mark Twain, Ambrose Bierce og Alfred Lord Tennyson. Ho heldt litterære salongar ved heimen sin i Russian Hill,[3] og introduserte gjennom denne nye forfattarar til utgjevarar. Coolbrith blei ven med diktaren Joaquin Miller, og hjelpte han til å oppnå global merksemd.

Medan Miller reiste gjennom Europa og levde ut den felles draumen deira om å vitja grava til Lord Byron, passa Coolbrith dottera hans og medlemmer av sin eigen familie. Som følgje av dette kom ho til å slå seg ned i Oakland og ta stillinga som bybibliotekar. Lyrikken hennar leid som følgje av dei lange arbeidsdagane hennar, men ho var mentor for ein generasjon av unge lesarar som omfatta Jack London og Isadora Duncan. Etter at ho hadde vore 19 år ved biblioteket i Oakland blei Coolbrith avsett ved ei omorganisering. Ho flytta tilbake til San Francisco og blei beden av medlemmer ved Bohemian Club om å bli bibliotekar for dei.[4]

Coolbrith byrja å skriva ei litteraturhistorie om California, med mykje sjølvbiografisk materiale, men brannen etter jordskjelvet i San Francisco i 1906 øydela det ho hadde gjort. Forfattaren Gertrude Atherton og vener frå Bohemian Club friends hjelpte henne til å slå seg ned i eit nytt hus, og ho byrja å skriva att og halda litterære salongar. Ho reiste fleire gonger med tog til New York by, og med færre bekymringar i livet fekk ho ein større poetisk produksjon.

30. juni 1915 blei Coolbrith utnemnd til poet laureate for California, og ho fortsette å skriva poesi i åtte år til. Stilen hennar var meir enn dei typiske melankolske eller oppløftande temaa ein forventa frå kvinner — ho tok for seg ei mengd emne i dikta sine, som blei skildra som «einskild sympatetiske» og «kjenneleg spontane».[5] Dei sanselege skildringane hennar av natuen bidrog til å utvikla viktoriansk poesi til å vera meir nøyaktig enn banalt sentimentar, og var ein føregangar for imagisme-skulen og verka til Robert Frost.[6] Ein annan poet laureate for California, Carol Muske-Dukes, skreiv om dikta til Coolbrith at sjølv om dei var påverka av britisk statlegheit var «California framleis inspirasjonen hennar».[a][7]

  1. Wheeler, Edward Jewitt; Crane, Frank (April 1900). «American Poets of To-Day: Ina Coolbrith». Current Opinion 28 (1): 16–17. 
  2. Western Literature Association (1987). J. Golden Taylor, red. A Literary history of the American West. TCU Press. s. 181. ISBN 978-0-87565-021-0. 
  3. Tarnoff, Benjamin (2014). The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. Penguin Books. ISBN 9781594204739. 
  4. «Ina Donna Coolbrith | American poet». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 21. august 2017. 
  5. Moulton, Charles Wells (1889). «Ina D. Coolbrith». The Magazine of Poetry and Literary Review 1: 312–315. 
  6. Axelrod, 2003, s. 610
  7. Muske-Dukes, Carol (12. desember 2008). «Single laurel, common voice». Los Angeles Times. Henta 20. mars 2010. 


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy